Eli Flatland (f. 1988) 

Eg har ein liten treverkstad i Flatdal, der eg bur. Her arbeider eg hovudsakeleg med emne av bjørk. Eg likar å utforske former, overflater og handverket i seg sjølv, og lagar alt frå små saltskåler til større fat for brød og anna servering. 

Kvart treemne har sin eigen struktur, noko som er spennande å arbeide med. Alle arbeida blir forma og ferdigstilt for hand med treskjerarjern. Deretter blir dei behandla med Osmo hardvoksolje. Nokre av arbeida blir òg behandla med valnøttolje og bivoksbasera poleringsmiddel.